Fire forenkla førelegg: Det blei skrive ut fire forenkla førelegg etter at Utrykkingspolitiet hadde fartskontroll på Halhjemsvegen måndag formiddag.

Tok ingen syndarar på første forsøk, men i runde to blei det fangst

I “runde to” var det fleire som var for harde på gasspedalen.

Måndag formiddag utførte utrykkingspolitiet (UP) både promillekontroll og fartskontroll på Halhjemsvegen. Først hadde dei fokus på promille, og stod der frå klokka 10 til kvart over elleve. Då kontrollerte dei 98 bilførarar, men fann ingenting å reagera på.

Etter det som kan ha vore ein kort lunsjpause, var dei klare igjen. På Twitter melder Vest politidistrikt at UP stod i 70-sona på Halhjemsvegen frå klokka 11.50-13.20. Då kontrollerte dei fart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det medførte fire forenkla førelegg. Bilen med høgast fart blei målt til 97 km/t, noko som medfører 9.300 kroner ut av vindauget.