Så glade blei desse jentene for nye drakter.
Så glade blei desse jentene for nye drakter. Foto: BKK

Tok spanderbuksa på: Delte ut drakter til heile elleve lokale lag

– Vi skal vera ein medspelar og bidra til berekraftige lokalsamfunn med aktive born, seier Kjersti Drangevåg.

Sponsoransvarleg Drangevåg i BKK, har vore med og delt ut over 60.000 BKK-drakter sidan oppstarten i 1997. Denne gongen fekk 3.000 born og unge nye draktsett frå BKK.

– Draktutdeling er eit av BKK sine viktigaste sponsortiltak for å gje tilbake til Vestlandet. 3.000 nye speledrakter blei fordelt i 210 baggar og delt ut til spelarrepresentantar i BKK sin kantine på Kokstad i Bergen, seier Drangevåg og held fram:

– Det er alltid like kjekt å vera med å bidra til at så mange born kan få nye drakter.

Pyroshow, pølser og brus

Sjølve utdelinga har dei siste åra blitt gjort at Robin Dale Oen frå The Dale Oen Experience.

–Vi er glade for samarbeidet med BKK over mange år og eg gler meg alltid over å ta del i desse arrangementa, seier Dale Oen.

Heile elleve lokale lag fekk nye drakter frå BKK.
Heile elleve lokale lag fekk nye drakter frå BKK. Foto: BKK
60.000 drakter har BKK delt ut sidan dei starta med dette i 1997.
60.000 drakter har BKK delt ut sidan dei starta med dette i 1997. Foto: BKK

Utdeling av draktsett til lag i BKK sine eigar- og vertskommunar starta i 1997. Kvart år får aldersbestemte klasser innan fotball, handball, basket og volley ball nye drakter og idrettstøy.

– Det er også mogleg å søkja om idrettstøy til andre sportsgreiner. BKK skal vera ein medspelar og bidra til berekraftige lokalsamfunn og aktive born.

To born frå kvart lag var til stades under utdelinga. VilVite stilte med pyroshow og borna fekk pølser, brus og høve til å bli kjente med born og ungdom frå andre idrettsklubber.

Desse laga fekk:

Lysekloster IL Jenter 9 år.

Lysekloster IL Gutter 8 år.

Os Turn Fotball Gutter 6 år.

Os Turn Håndball Gutter 7 år.

Lysekloster Fotball Gutter 13 år.

Lysekloster Fotball Jenter 14 år.

Nore Neset IL Jenter 15 år.

Nore Neset IL Jenter 12 år.

Os Turn Fotball Jenter 11 år.

Os Turn Håndball Jenter 11 år.

Os/ Nore Neset Jenter 13 år.