Blei oppdaga på Halhjemsvegen: Det var i samband med ein trafikkontroll på Halhjemsvegen, at ein ung mann blei stoppa.

Tolv prikkar etter å ha blitt stoppa av politiet: — Han samtykka ikkje i førarkortbeslag

– Det blei gjort avhøyr på staden.

Ein ung mann blei onsdag stoppa av politiet på Halhjemsvegen etter at han skal ha køyrd i 102 km/t.

— Politiet hadde trafikkontroll. Denne bilen blei stoppa fordi han blei måla til 102 km/t i 80-sona, seier politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hendinga fann stad på Halhjemsvegen onsdag i 15-tida, fortel Lyssand.

— Det viste seg at føraren hadde seks prikkar frå før av og at han hadde prøvetid. Hendinga førte til ytterlegare seks prikkar, og dermed tolv totalt. Det blei gjort avhøyr på staden. Han samtykka ikkje til førarkortbeslag, seier Lyssand.

Punkterte i Strøno — blir meld

Politiet fekk onsdag ettermiddag melding om ein bil som stod i vegbanen i Strøno-området. Politioverbetjent Lyssand opplyser at føraren som også er eigar av køyretøyet, ein mann i 20-åra, var åleine og hadde gått frå staden.

— Bilen hadde fått skade på eit hjul. Det skal ha punktert, og bilen var ikkje køyrbar. Patruljen reiste heim til føraren, og fann han der. Han blåste til 0,0 i promille. Det er oppretta sak, fortel Lyssand.

Årsaka til at mannen vil bli meld, er at han gjekk frå bilen som skal ha stått farleg til, slik politiet skildrar det.

— Ein er ikkje pliktig til å melda i frå om at ein har punktert, men ein kan ikkje gå frå bilen på denne måten. Det er ikkje bra. Hadde han blitt på staden, ville det ha vore ei anna sak, seier Lyssand.