Mellom dagens senter, kommunetunet og Fusa vidaregåande skule skal nybygget som gjer Fjord'n senter dobbelt så stort, etter planen koma.
Mellom dagens senter, kommunetunet og Fusa vidaregåande skule skal nybygget som gjer Fjord'n senter dobbelt så stort, etter planen koma.

Tommel opp for dispensasjon

Trass Fylkesmannen si åtvaring, gjekk planutvalet i Fusa samrøystes inn for å gje Sambygg AS dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan i samband med utvidinga av Fjord'n senter.

I uttalen frå Fylkesmannen i Hordaland frå november 2015, heiter det at planlegging av eit sentrumsområde er krevjande då det er mange ulike føremål og omsyn som må innarbeidast i planen.

- Fylkesmannen vil difor anbefala Fusa kommune på det sterkaste å sjå heile sentrumsområdet under eitt, og unngå bit-for-bit dispensasjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkesmannen skriv vidare at han rår frå dispensasjon i dette tilfellet.

- Regulering av sentrum gjennom områdeplanlegging vil vera føremålstenleg og gje ein vinn-vinn-situasjon for både private og offentlege interesser, heiter det i uttalen.

Sentrumsplanen for Eikelandsosen vart vedteke i 1987.

Møte med Fylkesmannen

Oppmodinga til trass, i vurderinga frå rådmannen i Fusa, som planutvalet torsdag stilte seg bak, heiter det at Fusa kommune er innstilt på å gje dispensasjon.

- Tiltaket har store, reelle fordelar for samfunnet som er vesentleg større enn ulempene, skriv rådmannen i tilrådinga si.

Vidare går det fram at Fusa kommune, representert ved rådmannen sjølv, ordførar Atle Kvåle (Ap) og einingsleiar Terje Raunsgard, var i møte med Fylkesmannen 21. desember.

- Fusa kommune orienterte om kvifor ein meiner at det i dette tilfellet bør gis dispensasjon: Dispensasjonen er frå offentleg føremål til blanda føremål med handel, kontor og bustad. Meir bustad i sentrumsområdet er positivt, og i tråd med overordna mål. Endring av areal frå friluft til overbygd torgområde utgjer ein liten del av samla areal på Leiro, går det fram av sakspapira til Utval for plan og miljø.

Sakspapira fortel også at arbeidet med ein områdeplan for ein større del av Eikelandsosen vil bli påbegynt i første halvdel av 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er viktig for Fusa kommune å ha eit sterkt sentrum. Fjord'n senter er fullt, og fleire av leigetakarane ønskjer meir areal. Eit nybygg med utvida område for handel, kontor/næring og bustader vil vera med på å styrkja Eikelandsosen som sentrum, heiter det.

Ifølgje sakspapira opplevde Fusa kommune sine representantar møtet som positivt. Dei opplevde òg at Fylkesmannen var lydhøyr for argumenta til kommunen.

- Ei viktig sak for Fusa

I planutvalet torsdag var dei heller ikkje i tvil om kva dei skulle gjera. Alle utvalsmedlemene var samde om at dispensasjon var rett val.

- Kommunen sine representantar har fått signal frå Fylkesmannen om at dette skal vi få til, seier leiar i planutvalet, Magne Djuvik (Frp).

Dermed har planutvalet gjort sitt vedtak, så vert det opp til Fylkesmannen å gjera sitt.

- Det tek nok litt tid før ein kjem i gang med bygginga enno, men personleg har eg det veldig travelt. Dette er ei viktig sak for Fusa, seier Djuvik.