Tømmer- tull

Det skal ein del til for å terga opp sindige småbrukarar frå Holmefjord, men når me les om ordføraren i Fusa sine ønskjer om regional tømmerkai, blir me provoserte.

LESARBREV: Tømmerkai på Holdhus hadde sikkert gitt rikeleg med overskotsmassar til å fylla i hamna i Eikelandsosen, men dessverre er nok dette ein skrivefeil frå lokalavisa si side. Me er smerteleg klare over at det er Holmefjord ordførar Atle Kvåle har tenkt ut som eit alternativ for ny regional tømmerkai.

I dag fungerer den kommunale kaien i Eikelandsosen som utskipingshamn for tømmer frå Fusa og kommunane rundt. I følgje Atle Kvåle passar ikkje dette inn i planane for Eikelandsosen i framtida, men veit du kva herr ordførar, det passar ikkje inn på Holmefjord heller.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me vart i høyringsrunden til arealplanen for Fusa kommune 2015-2027, merksame på at Holmefjordholmen var endra frå friluftsområde til område for industri og næring. Som grunneigarar i holmen sende me inn motsegn mot dette. Det same gjorde Holmefjord bygdeutval. Asplan Viak, som Fusa kommune leigde inn for å konsekvensutgreia utkastet til arealplan, peika på at dette vil redusera friluftsområde både på land og i sjø og bruksverdien av Holmefjordholmen med nærliggande friluftsområde i sjø vil bli sterkt redusert. Sårbare artar vil bli trua og den visuelle forureininga blir stor. Det blir også peika på risiko for ulukke og forureining. Asplan Viak tilrådde derfor at området ikkje vart teke med i arealplanen.

Til tross for desse motsegnene har Fusa kommune lansert Holmefjord som eit alternativ for regional tømmerkai. Det ryktast at representantar for kommunen og Vestskog har vore på synfaring i området, i så fall, utan at grunneigarane har blitt involverte. Saman med manglande omsyn til høyringsinnspel og konsekvensutgreiing, viser dette at Fusa kommune og ordfør-aren verken har respekt for innbyggjarane eller natur og landskap.

Ein må ikkje vera negativ til næringsutvikling i distrikta, vil mange seia. Nei, det er rett, eit godt drive næringsliv slik me har mykje av på Holmefjord er positivt, men her snakkar me om noko som ikkje vil skapa ein einaste lokal arbeidsplass. Det ein oppnår er planering av ein stor og flott holme til lagringsplass for mengder med tømmer, utfylling av eit vakkert sund, auka skipstrafikk i ein liten fjord med mange holmar og skjer og stor auke i tungtrafikk gjennom Holmefjordbygda. Alt dette med valdsame konsekvensar for tryggleik langs vegen, ferdsel på fjorden og for landskap og miljø.

Ådlandsfjorden med sine mange holmar og sund er eit unikt landskap, også i norsk samanheng, og er flittig avbilda når Fusa skal marknadsførast. Dette landskapet har ein uerstatteleg verdi, og så lenge det har budd folk på gardane innerst i fjorden, har landskapet gitt namn til den flotte bygda vår. Frå førkristen tid finn ein namnet Holmafjorður, omkring reformasjonen er namnet Holmfiord og i dag er det mange som kjenner stadnamnet Holmefjord både som bustad, arbeidsstad og ein stad for rekreasjon. Kva då med framtida? Tømmerfjord? Det kling liksom ikkje på same måten.

Kanskje har ordføraren våte draumar om Eikelands- osen som småby med eit flott hamneområde med serveringsstader og pulserande uteliv. Draumane må gjerne oppfyllast for vår del, men ikkje dersom det skal gå på kostnad av vår bygd og våre eigedomar. Generasjonane før oss har gitt oss grunneigarrettar i eit unikt kystlandskap, men med rettar følgjer det plikter. Den største plikta vår er å ta vare på dette landskapet både for naturen og mangfaldet av artar sin eigen del, men ikkje minst for noverande og framtidige generasjonar sitt behov for lokalt, kystnært friluftsliv i eit landskap utan sidestykke.

Per Ivar Holmefjord

Raymond Holmefjord

Arild Matland