Halvor Hanevik (37) blir mykje å sjå i sentrumsbiletet framover.
Halvor Hanevik (37) blir mykje å sjå i sentrumsbiletet framover.

Tor Inge Døsens etterfølgjar på plass

Halvor Hanevik (37) er tilsett som ny prosjektsjef i Os kommune. – Det blir store sko å fylla, men eg har som mål å veksa inn i dei, seier Hanevik.

Tor Inge Døsen har nådd pensjonsalder, og Os kommune har i løpet av våren søkt etter ein ny leiar for prosjektavdelinga. Han har framleis nokre lause trådar å festa, før han går av, men sjølve prosjektsjef-stillinga vart denne veka overført til Halvor Hanevik.

– Me er svært glade for at Hanevik har takka ja til stillinga. Hans faglege bakgrunn som ingeniør og prosjektleiar hjå Hent AS, og personlege leiareigenskapar er noko av det me har lagt vekt på. Hans har lang erfaring frå privat sektor vil Os kommune dra nytte av i den vidare utviklinga av bygda, seier rådmann Christian Fotland til lokalavisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Store sko å fylla

Hanevik hadde sin første dag på jobb tysdag 2. mai. Dagen derpå møter Os og Fusaposten han framføre Osroso restaurant - eitt av Tor Inge Døsen sine hjartebarn.

– Tor Inge Døsen er ein person som har fått til mykje. Det er med ærefrykt eg tek over etter han. Eg kjem nok til snubla litt bortover perrongen med for store sko ei stund, men eg har som mål å kunna fylla skoa. Det er mykje i Tor Inge Døsen sin måte å jobba på som eg kjenner meg sjølv att i, seier Hanevik.

Døsen har hatt mange jern i elden som Hanevik no må setja seg inn i. Nytt hovudreinseanlegg, ferdigstilling av Lunde barneskule, ny skule aust om elva, ny gymsal ved Os ungdomsskule, nye Luranetunet og ny idrettshall, er nokre av dei største. Lista er lang, og Hanevik seier at første punkt på programmet blir å setja seg inn i alt.

– Eg håpar å halda fram litt i same modusen som forgjengaren min har hatt. Det handlar om å få ting til, seier Hanevik.

– Samfunnsengasjert osing

Hanevik kjem frå prosjektleiar-stilling hjå entreprenør Hent AS (som m.a. stod for oppføringa av Nore Neset Ungdomsskule), men har også bakgrunn frå oljebransjen.

– Dette blir min første kommunale jobb, og det blir kanskje den største overgangen, seier Hanevik.

Han er gift med Elin Hanevik, lærar ved Kuventræ skule, og dei har tre gutar i lag.

– Eg er osing, og ser på meg sjølv som ein samfunnsengasjert person. Difor er eg svært glad for sjansen eg no får til å utvikla bygda, seier Hanevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har du spesielle ting som du ønskjer å få gjennomført?

– Det er mykje, og det er heilskapen som er det viktige for meg. Eg trivst svært godt i idéfasen av eit prosjekt, og håpar eg kan vera med å kasta mange idear opp i lufta og vera med og realisera mange av dei også, seier Hanevik.

ol@osogfusa.no