Tore Rydland Nielsen: Folk utanfor familien såg gjerne Tore i eitt av to antrekk; post-uniform eller trenar-outfit. Dette biletet er frå då han leverte varer på Plantasjen for eit par år sidan.

Tore var noko heilt for seg sjølv

Ein stor trenarkapasitet og eit raust og varmt menneske døydde måndag kveld - så alt for tidleg. Tore Rydland Nielsen vart 56 år.

Tore var mannen som var umogleg å mislika. Meir liketil, blid og imøtekomande person, skal ein leita lenge etter. Framferda hans var ganske sikkert også årsaka til at han lukkast så godt med laga han trena på fotballbanen.

Sletten-guten opparbeidde seg etter kvart ein CV få trenarar i bergens-regionen kan måla seg mot. Kvar einaste plass han var, etterlét han seg godord og skryt for sin innsats både på og utanfor banen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterspurd trenarkapasitet: Tore har trena både Os A-lag og Lysekloster A-lag. Han var etterspurd som trenar i heile hordalandsregionen.

Raus og merksam

Underteikna er sjølv frå Bergen og kjende Tore frå idrettsmiljøet alt før eg flytta til Os i 2000, men det var først etter at me møttest til kamp som trenarar for kvart vårt lag kring 2005, at eg først vart kjend med Tore.

Sjølv trena eg den gongen Søre Neset sitt A-lag i lag med Roar Wold. Medan Roar spelte, var det eg som styrte på sidelinja. I ein av dei siste kampane møtte me Trane. Her var det Tore som styrte laget. Me fekk kjempebank. Eg trur me tapte 7- eller 8-0, og eg var som vanleg ikkje i særleg humør etter ein slik leksjon.

— Du, laget dykkar er veldig godt. Eg ser heilt klart kva de prøver å få til. Mykje overlapp og fint spel. Det verkar så de jobbar bra her ute, skrytte Tore etter kampen.

Han var for god til å breia seg etter eigen siger. Han fokuserte heller på noko positivt hos motstandaren.

Gode samtalar

Sidan trena Tore fleire andre klubbar før han i 2013 overtok som Os-trenar. Litt seinare vart han trenar for A-laget til Lysekloster.

Tore var med andre ord ein ettertrakta mann, og det var ikkje vanskeleg å forstå. Han var god med menneske. Han såg folk for det dei var og fann ut av dei sosiale spelereglane i eit kvart miljø.

Seinast sist fredag stod eg og prata med Tore og skrytte av oppturen hans med Frøya, som han i haust klarte å få opp frå 4. til 3. divisjon. På spørsmål om kva han var mest nøgd med, svarte han:

— Folk er ulike og dei treng å bli sett og høyrde på ulike måtar. Før eg tok over Frøya var det mange som meinte at eg aldri kom til å få styr på «den gjengen der», som dei sa. Men det gjekk jo fint. Me trivst supergodt i lag, både trenarar og spelargruppe, sa Tore.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blidaste postmannen i Os

For dei som ikkje kjente Tore frå idrettsbanen, har dei kanskje sett han rundt i Os og omegn i ein stor, raud postbil. På Osøyro var han eit hyggjeleg og blidt åsyn. Tore var rundt i sentrum med varer nær kvar einaste dag og hadde alltid ein god kommentar på lur, ei lita helsing eller tid til ein kjapp prat.

Seinast sist fredag fortalde han underteikna om sine faste fjellturar på Ulriken. Denne turen tok Tore også måndag kveld. Dessverre skulle det bli siste gong han la ut på tur. Kona Gitte, som er kjend med minneordet, fortel at han fekk hjarteinfarkt på vegen opp. Livet stod dessverre ikkje til å redda.

Tore vart 56 år.

Han etterlèt seg kona Gitte og borna Mia og Mats.

Vi lyser fred over Tores minne.

Kenneth Svenningsen