For utanforståande kan det verka som det har vore stillstand i bygginga av torgbygget den siste tida.
For utanforståande kan det verka som det har vore stillstand i bygginga av torgbygget den siste tida.

Torgbygget ferdig til påske

Det har versert ein del datoar for ferdigstillinga av Torgbygget. No satsar ein på at bygget står ferdig til påske.

- Som folk ser står det framleis att litt arbeid både utvendig og innvendig, men det er framdrift og me håpar å få alt ferdig til påske, seier prosjektsjef i Os kommune Tor Inge Døsen.

Han vedgår at det har teke litt å ferdigstilla bygget, men presiserer at det heile vegen har vore ein del omsyn å ta.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har heile vegen hatt ein del ballar i lufta på ein gong. Dessutan har me prøvd å gjennomføra arbeidet utan å skada handelslivet på Osøyro, seier Døsen.

Kjøkenet på veg

Kommunen har heile vegen halde fast ved at dei ville gjera ferdig det nye dekket først av alt. For eit par veker sidan starta dei også arbeidet med å støypa ned feste til dei komande baldakinane.

Men no vert det altså litt fortgang på arbeidet med torgbygget også.

Denne veka startar innearbeidet for fullt med montering av kjøken og andre installasjonar.
Denne veka startar innearbeidet for fullt med montering av kjøken og andre installasjonar.

Det som står att før det 123 kvadratmeter store bygget no er ferdig er utvendig fasadearbeid, samt elektrisk arbeid og innreiing innandørs.

- I tillegg vert det ein del monteringsarbeid framover. Kjøkenet kjem denne veka og ein del andre installasjonar kjem etter kvart.