Sal av lokal mat, kunstutstilling og ulike utstillarar er noko av det som finn stad på torgdagen på Engevik Gaard førstkomande søndag. Biletet er frå kystsogedagen i 2016.
Sal av lokal mat, kunstutstilling og ulike utstillarar er noko av det som finn stad på torgdagen på Engevik Gaard førstkomande søndag. Biletet er frå kystsogedagen i 2016.

Torgdag på Engevik gaard

Søndag inviterer familien Ditmarsen til torgdag på Engevik Gaard.

Det har dei gjort dei seks siste åra.

– Det vart ikkje kystsogedag i samarbeid med ungdomslaget i år, så då fann me ut at torgdagen var ein fin måte å avslutta sommaresesongen på, seier Loren Ditmarsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjekk familiedag

På Torgdagen vert det kunstustilling med dei lokale kunstnarane Morten Holmefjord, Rogen Ureta Taran og Anne Hesvik.

I tillegg set familen, tradisjonen tru, opp telt i hagen slik at lokale handverkarar og bønder får høve til å visa noko av det dei har å by på.

Båtbyggjar Harald Oma, Lygre ost, Oma eple, Garden på Dalland, Fjordtønna og Maja Design er berre nokre av dei som tek turen til Engevik Gaard på søndag.

– Det kjem utstillarar frå Fusa, Os, Tysnes og Kvam. Lokal mat, trehandtverk, strikkeprodukt og smykke laga av gamle porselensfat- og koppar er noko av det dei har med seg. Det vert litt forskjellig for folk å sjå på, seier Ditmarsen.

Restauranten er også open. Dermed vert det servering av betasuppe og spekemat, samt pølse og is til dei litt yngre.

– Arrangementet passar for folk i alle aldrar. Det er ein kjekk familidag, påpeikar ho.

Ditmarsen fortel at sommaren på Engevik Gaard har vore veldig kjekk med ein del turistar og lokale folk innom.

– Det har vore nokre veldig travle søndagar. Besøkstalet i år er høgare enn i fjor, så det synest me er veldig stas, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

camilla.kvamme@osogfusa.no