Blir ikkje kloke: Meteorologane blir ikkje kloke på veret torsdag.

Torsdag kveld er ei gåte for meteorologane

— Vi klør oss i hovudet.

Ha både støvlar og snøskuffa klar, er det tvetydige rådet frå yr.no.

— Vi klør oss i hovudet, men blir ikkje kloke på kvar nedbøren frå i kveld kjem som snø og kor mykje det blir regn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skriv meteorologane bak Yr.no på Twitter i dag.

Vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid, sa fylgjande til BT tidlegare i dag.

– Det kan bli intenst snøvêr ein periode, også i låglandet i ytre strøk. Vi hadde sendt farevarsel dersom prognosane var meir sikre.

Det einaste som er sikkert er at Vestlandet sør for Stadt får mykje nedbør utover kvelden.

Dei våtaste stadane kan få så mykje som 15-25 mm i løpet av 12 timar.

— Ha både snøskuffe og støvlar klar om du bur nær kysten, er det klare rådet frå vêr-ekspertane.