Proffe syklistar passerte gjennom både Fusa og Os som del av sykkelrittet Tour Des Fjords i fjor. (Arkiv
Proffe syklistar passerte gjennom både Fusa og Os som del av sykkelrittet Tour Des Fjords i fjor. (Arkiv

Tour Des Fjords kan starta i Os

Os kommune har fått tilbod om å vera vertskommune for første etappe. Ordførar Terje Søviknes fridde i dag til næringslivet for å få råd.

I fjor var Tour Des Fjords gjennom både Fusa og Os. Sykkelrittet hadde ein spurt gjennom Os, men det var også det heile. I år har kommunen fått tilbod om å vera delaktig i ein heilt annan skala.

- Me har fått tilbod om å vera vertskommune for første etappe, altså oppstarten av heile rittet, sa ordførar Terje Søviknes til næringslivets samlingspunkt, Os Næringsråd, i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det tyder mellom anna at presentasjonen av laga vil finna stad her, ein vil få eit eige barneritt, og TV2 vil senda live i fleire timar frå bygda.

- Men dette kostar litt. Dei skal ha 300.000 kroner for ein slik vertskommunefunksjon, sa ordføraren.

Avhengig av spleiselag

Han spurde difor næringslivet om 5-10 verksemder kunne forplikta seg på å spytta i 20.000 kroner kvar, og så kunne kommunen ta resten.

- Dette hastar veldig. Saka kjem i formannskapet 18. februar, og dei heng på oss no med spørsmål om me kjem til å ta på oss dette. TV2 er i full gang med planlegginga, og er alt no i ferd med å utforma løypeprofilar og grafisk utforming, sa Søviknes.

Han sa at for kommunen sin del er det vanskeleg å ta på seg slikt åleine, då ein heile tida står i skvis mellom det ein verkeleg må ha, som midlar til barnevern og skule, og krydderet som t.d. kommunalt fyrverkeri og sykkelritt.

- Men dersom me får eit spleiselag, er det med eitt mykje lettare også for kommunen å takka ja til å yta sin skjerv, la han til.

Marknadsføring i timevis på live TV

At noko slikt er verd mykje i marknadsføring, er heva over tvil. Det vil bli timevis med sending på TV2, og garantert pressedekning over heile linja.

- Dei som har følgt sykkelsendingar og høyrer på kommentatorane, veit at dei må fylla timane med noko. Då er det gode høve til å få marknadsført lokale ting, enten det er Lysøen, Lyse kloster, Oseana, Solstrand eller andre verksemder som dei kan setja fokus på, sa ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han avslutta appellen til Os-verksemdene med ein humørfylt oppfordring til å melda seg på spleiselaget.

- Dersom nokon har tankar om dette i pausen etterpå, så står eg klar med blokk og blyant, eg, så fiksar me dette.