Smalt parti: Ulukka skal ha skjedd på eit smalt parti nær smoltanlegget i Sævareid.

Rykte ut etter melding om biluhell i Sævareid

Politiet rykte i ettermiddag ut etter melding om eit trafikkuhell på FV 549 i Sævareid.

Ein bil skal ha køyrt av vegen og inn i fjellveggen.

Føraren melde sjølv frå om ulukka. Han var ikkje synleg skadd, men var i sjokk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det opplyser politistasjonssjef i Kvam, Fusa, Samnanger og Tysnes, Terje Sperrevik.

Politiet opplyste på Twitter at trafikken stod i området etter ulukka og at det var behov for bilberging.