Kring klokka 18 stilte politiet seg opp på Vinnes, og i løpet av timen dei stod der, passerte 20 bilar. Fem av dei køyrde for fort.
Kring klokka 18 stilte politiet seg opp på Vinnes, og i løpet av timen dei stod der, passerte 20 bilar. Fem av dei køyrde for fort.

Trafikkontroll på Vinnes: – Dette er tydelegvis noko vi må gjera oftare

Etter å ha fått fleire klager om at bilistar ikkje held fartsgrensa i 50-sonen på Vinnes, var politiet i går på plass med laser. 25 prosent av bilane som passerte køyrde for fort.

– Det er eit trist resultat. Dette er tydelegvis noko vi må gjera oftare, seier vakthavande patrulje i Fusa.

Høgaste fart 67 km/t

Kring klokka 18 stilte dei seg opp, og i løpet av timen dei stod der, passerte 20 bilar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fem av dei køyrde for fort. høgaste fart målt var 67 km/t. Det er eit høgt tal, og det viser seg at det ikkje er utan grunn at vi har fått klager om køyringa på dette strekket, seier vakthavande patrulje.