Ferja mellom Hatvik og Venjaneset står. Rederiselskapen FosenNamsos Sjø våger ikkje seia konkret kor lang tid det tek før ferja er i drift igjen.
Ferja mellom Hatvik og Venjaneset står. Rederiselskapen FosenNamsos Sjø våger ikkje seia konkret kor lang tid det tek før ferja er i drift igjen.

Trafikkstans på Hatvik-Venjanes-sambandet

Ei øydelagt kjølepumpe er årsaka til at ferjesambandet mellom Hatvik og Venjaneset no står. (OPPDATERT: Klokka 10.35 skriv FosenNamsos Sjø på nettsida si at ferja er i normal drift att)

Problemet oppstod i 07-tida torsdag morgon. Førebels er det uvisst kor lang tid det går før ferjesambandet er oppe og går igjen.

- Me har ein service-mann på veg til ferja. Han skal hjelpa maskin-mannskapet med å løysa problemet, seier rederisjef i FosenNamsos Sjø, Arild Hoff.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Går det an å gje publikum ein lita aning om når dei kan venta seg at ferja er i drift igjen?

- Eg vågar ikkje vera konkret.

- Men snakkar me om i løpet av føremiddagen?

- Ja, det for me no håpa, svarer Hoff.