Trafikkuhell på glatten

Etter snøfall i morgontimane køyrde to bilar i kvarandre på Kolskogheiane. Det er ikkje meldt om personskade.

Vakthavande ved Hordaland politidistrikt opplyser at politiet er på staden no. Ein elbil av merke BMW er blant dei involerte bilane. Den eine bilen køyrde inn i den andre bakfrå. Airbagen vart utløyst i ein av bilane.