Trafikkulukke: Bil har køyrd utfor ein skrent

Ulukke på Strønevegen: Det er meldt om at ein bil har køyrd utfor på Strønevegen tysdag morgon.

Tysdag morgon skal ein bil ha køyrd utfor vegen.

Naudetatane er på veg til staden, opplyser 110 Vest på Twitter.

Ulukka skal ha skjedd på Strønevegen. To personar skal ha vore involverte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vest politidistrikt skriv at det skal vera ein varebil som har køyrd utfor ein skrent. Begge dei involverte skal vera bevisst og oppegåande.

Skadeomfanget er per no ukjent. Det skal ikkje vera trafikale utfordringar som følgje av ulukka.