Ulukke: Det blei meld om ei trafikkulukke i Nilsavegen. Politiet opplyser om at ulukka skjedde i Lepsøykrysset.

Front mot front i Lepsøykrysset

Det melder brannvesenet. To bilar har fått mindre materielle skader.

Klokka 18.15 melde 110 Vest om ei trafikkulukke i Nilsavegen i Bjørnafjorden kommune. Naudetatane er på veg, opplyser brannvesenet.

Vakthavande ved Bjørnafjorden brann og redning, fortel at det ikkje er snakk om personskade. Det er materielle skader på dei to bilane som er involverte, men ikkje store skader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet på staden fortel at ein bil skal ha vore på veg mot Halhjem og kollidert med ein bil som kom ut frå Lepsøykrysset og skulle nordover mot Os.

Det er oppretta sak.

Trafikken flyt greitt på staden.