Stølsvegen: Både brannvesen, politi og ambulanse er på staden.

Trafikkulukke i krysset til Stølsvegen

To bilar er involvert i ei trafikkulukke på Hatvikvegen ved innkøyringa til Stølsvegen.

Naudetatane er på staden etter eit trafikkuhell som involverer to bilar.

Det opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge bilførarane skal vera oppegåande. Utover det er skadeomfanget uvisst.

Ingen airbag skal ha blitt utløyst i hendinga.

Vår journalist på staden opplyser at helsepersonell ser til dei involverte. Det ser ikkje ut til å vera synlege skader på bilane.

Trafikken glir som normalt på Hatvikvegen. Bilistar kjem seg også greit ut og inn av Stølsvegen.

Hatvikvegen: Ulukka skal ha skjedd på Hatvikvegen ved innkøyringa til Stølsvegen.