Trafikkulukke: To bilar skal ha kollidert ved Er-An veikro

Ulukke: To bilar skal ha kollidert tysdag kveld. (Arkivfoto)

Det skal tysdag kveld ha oppstått ei trafikkulukke på Røykenes.

Politiet melde på Twitter klokka 22.33 at ein bil måtte bråbremsa for ein hjort som kom ut i vegen.

Bilen skal så ha blitt påkøyrd av bilen som kom bak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal vera tre personar involverte i ulukka. Det er ikkje meld om alvorlege personskadar, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

Vegtrafikksentralen vest var først ute med å melda om ulukka. Dei skriv at dette skjedde på E39 ved Er-An veikro.