Trafikkulykke på bygrensa

Politi og ambulanse er på plass på bygrensa til Bergen etter at to bilar kolliderte like etter ER-AN-stasjonen.

Naudetaten fekk melding om trafikkulukka litt over klokka 15.00 søndag.

Ifølgje bebuarar i området såg det ut til at det var ein bil på veg frå Bergen som hadde kome over i motset køyreretning.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er i alle høve to bilar involverte. Den eine står i autovernet. Den andre har tydelege skadar, seier Erling Andersen.

Kø i begge retningar

Det kunne sjå ut til at det var fleire skadde.

- Ambulanse er kome både frå Os og Bergen. No ser det ut til at dei får dei skadde inn i ambulansane, seier Andersen.

Han kunne i tillegg melda om full trafikkstans i området.

- Det er lang kø i begge retningar. Eg ser ikkje enda.