Tøff natt: Politiet var to gonger innom kiosken i Os sentrum i løpet av natt til søndag.

Trasig natt for dei tilsette ved 7-Eleven

Men då politiet kom til staden, hadde «verstingane» gått.

Like før klokka halv to natt til søndag, skal fleire berusa personar ha laga trøbbel inne på kiosken 7-Eleven i Os sentrum.

Då politipatruljen kom til staden, skal «verstingane», med politiets eigne ord, ha gått frå staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei opplyser også at det gjekk greit med dei tilsette.

Halvannan time seinare fekk politiet på ny ei melding frå 7-Eleven.

Denne gongen galdt det ein 28 år gamal mann. Han var inne i lokalet, men dei tilsette fekk ikkje kontakt med han.

Ambulanse vart tilkalla og mannen vart undersøkt. Det viste seg at alt var ok, og mannen vart dimittert på staden.