Trassa politiet

Ein mann fekk i natt klar melding frå politiet om å halda seg borte frå sentrum. Nokre timar seinare trefte dei likevel på mannen i sentrum

Rett før klokka 03.00 i natt var politiet ute på eit oppdrag. Der var det ein mann som skal ha blanda seg i politiet sitt arbeid.

– Han hadde ei åtferd som gjorde at politiet valte å gje han eit pålegg om å halda seg borte frå sentrum. Det har han valt å ikkje etterkoma, for patruljen trefte på same person klokka ti på seks i dag tidleg. Mannen vil bli meldt for å ha brote pålegget, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen.