I grøfta: Fleire bilar skal ha hamna i grøfta i Søvikåsen fredag ettermiddag.

Tre bilar i grøfta i Søvikåsen. Vegen skal vera open att

Det går fram av ei melding på Oppslagstavlo Lysekloster.

Ifølgje meldinga skal hendinga ha skjedd rundt klokka 13.

— Ingen passering på staden, heitte det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os & Fusaposten har vore i kontakt med Vegtrafikksentralen Vest i samband med saka. Dei har ikkje fått melding om hendinga, ifølgje trafikkoperatør Stian Hodnekvam.

Heller ikkje teknisk vakt skal vera varsla.

Jostein Bøe, som forsøkte å køyra over Søvikåsen for ein god halvtime sidan, har lagt ut bilete på Facebook som syner at det er vanskeleg om ikkje umogleg for trafikantane å ta seg forbi.

— Det er ikkje mogleg å passera. Det kan bli “show” der no, om det hopar seg opp med bilar og det skal ryggjast, seier Bøe.

Han har varsla politiet i Bjørnafjorden.

— Eg fekk beskjed frå vedkomande at meldinga var notert. Kommunen burde ha rykka ut og sperra Søvikåsen frå begge sider for å hindra at folk køyrer opp.