Eit stort problem: I området kring Halhjem ferjekai er det mange som vel å setja frå seg bilen på stader dei ikkje har lov, fortel politiet.

Tre bilistar fekk gebyr: — Dette er eit stort problem på Halhjem

Parkeringskapasiteten er eit problem. Då vel mange bilførarar å sejta frå seg bilen der dei ikkje har lov til å gjera det.

Både fredag og laurdag skreiv politiet ut bøter til bilistar som hadde parkert ved Halhjem ferjekai. I går fekk tre gebyr, men det var mange fleire som kunne ha fått det.

— Det er eit kapasitetsproblem på parkeringa. Det er tydeleg. I tillegg til dei tre vi valde «å ta føre oss», stod det haugevis av bilar på graset. For å koma seg dit, må bilane køyra over fortauet, seier politibetjent Morten Haugland og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi valde å konsentrera oss om dei som stod til hinder for gåande og på fortauet. Vi følgjer med på parkeringa i dette området, for det er blitt eit problem.