Ikke unaturleg: – Vi ser at viruset no har smitta vidare frå born til føresette. Det er ikkje unaturleg då det ikkje er like lett å halda born i isolasjon som vaksne, konstaterer assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Tre nye smittetilfelle i tilknyting til barnehage - no går kommunen ut med oppmoding

To barnehageborn og ein far i 30-åra har fått påvist smitte. Alle har tilknytning til Flåten Naturbarnehage.

– Vi ser at viruset no har smitta vidare frå born til føresette. Det er ikkje unaturleg då det er vanskeleg å halda barn i isolasjon på same måte som med vaksne, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale til kommunen sine heimesider.

Kommunen har førebels ikkje fått svar frå laboratoriet på om det er ein mutert variant av koronaviruset som har spreidd seg i barnehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når vi ser korleis dette har utvikla seg, vil vi oppmoda familiemedlemer som ikkje har testa seg, om å gjera dette. Vi har god kapasitet ved teststasjonen, seier Nordvik Dale.

Det vert poengtert at familiemedlemer, som søsken, ikkje vil bli sett i karantene som følgje av testinga og kan møta vener og kjente innanfor dei vanlege smittevernreglane.

– Eg vil samstudes minna heile befolkninga om dei basale smitteverntiltaka. Hald avstand, vask henda, test deg og hald deg heime om du får symptom, seier Nordvik Dale.