Fall på sjøen: Alle tre berga ombord i ein båt

Bjånes: Personane skal ha falle i sjøen utanfor Bjånes.

Luftambulansen er framme på staden og melder om alle tre verkar uskadde.

Klokka 19.22 fekk naudetatane melding om at tre personar hadde falle i vatnet frå ein båt ved Bjåneset.

Dei tre hadde på seg redningvest/flyteutstyr, men dreiv vekk frå båten dei var ombord i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle naudetatar vart sende mot staden.

Det melde Vest politidistrikt på Twitter klokka 19.41.

Då Luftambulansen kom til staden, observerte dei tre personar i sjøen og melde at andre båtar var på veg for å hjelpa.

For få minutt sidan vart det stadfesta at alle tre er tekne ombord i ein av båtane.

Dei vil bli frakta til land, men framstår uskadde.

Politiet opplyser at det er kontroll på situasjonen.