Skadeverk: Politiet har ein mistenkt etter at det blei utført skadeverk på kommunetunet på Leiro måndag.

Tre ruter blei knust: — Folk var på kontoret og høyrde det

Politiet har ein mistenkt.

Måndag ettermiddag fekk politiet i Fusa melding om skadeverk på kommunal eigedom.

Då skal tre ruter på kommunetunet på Leiro ha blitt knust.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er doble glas. Berre dei ytste er knust, fortel tenestestadsleiar ved Fusa politistasjon, Anders Opsal.

Politiet held til eit steinkast unna der skadeverket fann stad, men dei var ikkje på Fusa-kontoret måndag. Dei var på Tysnes.

Tre ruter: Tre ruter skal ha blitt knust. — Det er doble glas. Berre dei ytste er knust, seier Opsal.

Meldinga kom inn kring kvart over tre. Politiet har ein mistenkt i saka. Ein mann, fortel Opsal.

— Folk var på kontoret og høyrde det. Ein mann er observert der det skjedde. Vi var ute og såg etter han, men fann han ikkje, seier Opsal.