Opposisjonen, her representert ved Mikal Leigland (Sp), Margunn Samnøy (Sp) og Aud-May Boge (H), meinte forslaget frå posisjonspartia i skulestruktursaka var forkasteleg.
Opposisjonen, her representert ved Mikal Leigland (Sp), Margunn Samnøy (Sp) og Aud-May Boge (H), meinte forslaget frå posisjonspartia i skulestruktursaka var forkasteleg.

Tre veker unna ny struktur?

Posisjonspartia Ap, Frp og KrF gjekk som venta inn for å slå saman skulane i Strandvik og på Fusa, og på Holdhus og i Eikelandsosen frå 2016. Rådmannens trinn to i skulestruktursaka - éin barneskule frå 2018 - er partia derimot mindre mottakelege for.

- Eg trur ikkje det er politisk gangbart å berre ha éin barneskule i Fusa frå 2018, seier ordførar Atle Kvåle (Ap) etter at formannskapsmøtet er over.

- Eg kan ikkje seia kva som vert den endelege modellen, men det vert nok ikkje slik som rådmannen legg opp til, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare på dagen la Ap, Frp og KrF (V er ikkje representert i formannskapet) fram følgjande framlegg i skulestruktursaka, og fekk fleirtal med 5 mot 4 (Sp og H) røyster: Skulane Holdhus og Eikelandsosen vert slegen saman til éin skule med skulestad

Eikelandsosen. Skulane Strandvik og Fusa vert slegen saman til éin skule med skulestad Fusa. Endringa gjeld frå skulestart hausten 2016.

Partia sa òg at i møterunden i februar så skal SFO-tilbodet i kommunen tilpassast den nye strukturen, og at i april skal den framtidige strukturen (trinn to) både for skular, barnehagar og SFO, takast stilling til.

- Kva med høyringsuttalene?

Mikal Leigland (Sp) meinte forslaget var forkasteleg. Sp-politikaren har framleis von om at stoda kan endra seg innan kommunestyremøtet om tre veker.

- De tek ikkje omsyn til bygdene sine uttalar i saka i det heile. Vi må ha respekt for innbyggjarane våre. Skal ein driva politisk arbeid på dette nivået er det ikkje rart at forakta for politikarane veks, sa Leigland.

Hans Ekeberg (Ap) på sin side, sa at posisjonpartia har teke utgangspunkt i rådmannen si utgreiing av saka, og at alle høyringsuttalene er kommenterte på ein ryddig og grei måte der.

- Uttalene er tekne med i vurderinga, påpeika Ekeberg.

Aud-May Boge (H) meiner at fusingane ikkje er klare for endringar i skulestrukturen. Det viser høyringsuttalene, og valresultatet i bygdene som er truga av skulenedlegging.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nesten samtlege uttaler støtter opp om dagens skulestruktur, sa ho og la til:

- Ei anna stor veikskap i saksutgreiinga, er at ein ikkje veit kva ein skal gjera med dei tomme skulebygga. Bygga må forsikrast, det må vera straum der og vaktmeisteren må truleg stikka innom oftare når det står tomt, enn når det er folk i bygga. Dette har mykje å seia for økonomien til Fusa kommune, påpeika Boge.

- Vil føra til avfolking

Ettersom to skular, Strandvik og Holdhus, alt har fått privatskulegodkjenning, og Nore Fusa har søkt, meinte Leigland at den einaste realistiske løysinga er å slå saman skulane i Eikelandsosen og på Fusa.

- Dei andre bygdene har sagt kva dei vil. Dei har søkt om å få oppretta privatskular, sa han.

Sp-politikaren meinte òg at det var på sin plass at posisjonspartia tok seg ein tur til bygdene som er råka, for å sjå korleis ting fungerer.

- Dette er ei sak som betyr mykje for mange. Då må ein vita kva ein eigentleg gjer vedtak om, sa Leigland.

Ifølgje Ekeberg tek saksutgreiinga føre seg det som er Fusa kommune sine utfordringar, både når det gjeld elevtal og økonomi.

- Dette er ei sak som har gått over mange år. No prøver vi å koma oss vidare, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Margunn Samnøy (Sp) peika på at politikarane i Fusa alltid har vore opptekne av å byggja opp Eikelandsosen som sentrum, utan at det går på ut over bygdene.

- Det som skjer no er det stikk motsette, sa ho og la til:

- Det einaste skulealternativet kommunen kan tena pengar på på lang sikt, er alternativ tre (éin barneskule). Dette er samstundes det alternativet som vil føra til avfolking av bygdene våre.

Sp og H føreslo ikkje overrandane, å behalda dagens skulestruktur i Fusa. Samnøy minna også representantane frå Ap, Frp og KrF om at det var lov å røysta på opposisjonen sitt forslag.

Slik gjekk det ikkje. Forslaget vart nedstemt, og dermed vert skulestrukturen i Fusa mest sannsynleg endra alt frå neste haust.