Bo Mathys (16) har ofte med seg rulleskeisane i sekken. Etter å ha vore på utdanningsmessa på Nore Neset onsdag, tok han dei fram medan han venta på kjærasten.
Bo Mathys (16) har ofte med seg rulleskeisane i sekken. Etter å ha vore på utdanningsmessa på Nore Neset onsdag, tok han dei fram medan han venta på kjærasten.

Trudde han hadde funne vegvalet

Bo Mathys (16) trudde han hadde bestemt seg for kva han skulle gjera etter ungdomsskulen, men etter utdanningsmessa fortel han at det står mellom tre val.

16-åringen går på Fusa ungdomsskule. Neste år skal han gå vidare på skule, anten i Fusa eller i Os.

- Eg trudde at eg hadde bestemt meg for TAF Helse på Fusa vgs. No vurderer eg også Os gymnas og studieførebuande med formgjeving på Fusa vgs, seier 16-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aktiv hobbyfotograf

Etter at resten av elevane frå Fusa hadde reist heim med buss onsdag, stod Mathys att på Nore Neset med rulleskeiser på beina.

- Eg har ofte med meg rulleskeisene. Eg ventar på kjærasten min som bur her på Nore Neset. Det er kjekt å ha noko å gjera på medan eg ventar, seier han.

16-åringen er aktiv som hobbyfotograf, der han ofte jobbar kreativt ved å setja opp element for å skapa effekt i bileta.

- Du vurderer altså ikkje å utdanna deg som fotograf?

- Nei, for eg er usikker på om eg ønskjer å ha det som jobb. Eg vil unngå at eg blir lei av å ta bilete. Difor er det betre å berre ha det som ein hobby, seier Mathys.

For ein kvar smak

Utdanningsmessa er ypparleg for at ungdom skal få informasjon om ulike yrkesval. Med over 50 utstillarar, er det forhåpentlegvis noko for ein kvar smak, og noko som kan trigga interessa til dei som slit med å finna ut kva veg dei skal ta vidare.

- Kva meiner du om utdanningsmessa?

- Det var bra med informasjon, men for meg var det ikkje så mykje å henta. For dei som er interesserte i praktiske fag, var nok messa veldig bra. Det var høve til å prøva seg i ei rekkje praktiske oppgåver, seier Mathys.