Prisoppgang: Det er venta at prisane blir sette opp i alle kjedene onsdag.

Trur det kan bli priskrig i daglegvarebransjen

Det kan bli priskrig mellom daglegvarekjedene, noko som kan gjera at prisveksten folk fryktar, blir mindre enn venta.

Det spår ekspert Ivar Pettersen i Alo Analyse etter at Kiwi tysdag forlengde sin såkalla prislås på over 140 varer fram til 1. mai.

– Og då får vi ein litt overraskande priskrig. Det er veldig gode sjansar for at det er Norgesgruppen som vinn han, seier Pettersen til VG.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Onsdag skal matvareprisen justerast: — Vi merka ekstra trykk førre veke

Han seier at grepet kan føra til at det blir ein mykje tidlegare priskrig og dermed billigare mat på kort sikt.

Det er venta at prisane blir sette opp i alle kjedene onsdag.