Mørketal: Klaus Melf trur det reelle smittetalet er høgare enn statistikken syner.

Trur det reelle smittetalet er på nesten ti prosent av innbyggjarane

Kommuneoverlege Klaus Melf trur mørketala for koronasmitte er store.

Bjørnafjorden kommune registrerte 757 positive PCR- og sjølvtestar sist veke, mot 922 i veke 9.

Det betyr at det har vore ein nedgang i registrerte smittetilfelle i veke 10, trass i vinterferien veka før. Det skriv kommunen på si heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aldersfordelinga viser ein tydeleg nedgang blant barn og unge, og ein auke blant eldre.

— Vi har truleg store mørketal, sidan ikkje alle som er smitta registrerer seg. Reelt smittetal ligg truleg på 7-10 prosent av innbyggjarane i løpet av dei siste 14 dagane, seier kommuneoverlege Klaus Melf.