I kontrollen som fann stad i Os tysdag kveld/natt til onsdag, fekk 3 av 14, eller kring 20 prosent av dei kontrollerte køyretøya bruksforbod.
I kontrollen som fann stad i Os tysdag kveld/natt til onsdag, fekk 3 av 14, eller kring 20 prosent av dei kontrollerte køyretøya bruksforbod. Foto: Arkiv, illustrasjon

Tungtransportkontroll: To køyretøy hadde ikkje sikra lasten skikkeleg

Tysdag kveld gjennomførte Statens vegvesen ein tungtransportkontroll i Os. 14 køyretøy vart kontrollerte. Tre fekk bruksforbod.

Tre representantar frå Statens vegvesen gjennomførte kontrollen tysdag kveld/natt til onsdag. Køyre- og kviletid, vekt og bilbeltebruk var noko av det ein såg etter.

Av 14 kontrollerte køyretøy, hadde tre skriftlege manglar. Like mange fekk bruksforbod.

– Det var to bruksforbod for manglande lastsikring, eitt bruksforbod for breidde over 2,55 meter, oppsummerer Statens vegvesen.

I tillegg fann kontrollørane to tekniske manglar. Det vart også skrive ut eit gebyr på 8.000 kroner for manglande autopass.

camilla.kvamme@osogfusa.no