Fjorden Arena, BUA, Lillian Kvamsøy
Lillian Kvamsøy fortel at ho har fleire ledige plasser på skibussen.

Turen frå Eikelandsfjorden er avlyst, men skibussen frå Os går som planlagt

– Eg har framleis kring 20 ledige sete, seier Lillian Kvamsøy.

Publisert Sist oppdatert

BUA har i fleire år arrangert sponsa skiturar for skuleungdomen i vinterferien. I fjor vart heile turen avlyst grunna dårleg vêr. I år blir det tur, men berre frå Os-sida av kommunen.

– Me hadde bestilt buss frå Eikelandsfjorden på torsdag, men ettersom me berre hadde tre bestilte billettar, var det berre å avlysa, seier leiar i BUA, Lillian Kvamsøy.

Ho reknar med det har noko med vêrmeldingane å gjera.

– Det er meldt mykje regn både onsdag og torsdag. I så måte er det bra at den første turen frå kommunen går i morgon. Då er det nemleg meldt veldig bra vêr, seier Kvamsøy.

Godt sponsa

Kvamsøy fortel at dei får sponsa veldig mykje av skikortet i Furedalen. 

— Normalt kostar det 360 kroner for dagskort, men på vår tur får ungdomen både buss til og frå og dagskort for 400 kroner totalt, fortel Kvamsøy.

Til no har ho fått 22 påmeldingar.

– Me køyrer frå Os terminal i morgon tidleg (onsdag). Per no er det 20 plassar ledig, så det er berre til å ta kontakt, eller koma i morgon å få seg plass i bussen, fortel ho.

Ho blir sjølv med på turen.

Powered by Labrador CMS