Tvangsflyttar Havnesjefen og familien

Dei som ikkje er så glade i Havnesjefen kan gleda seg over at heile svanefamilien no blir tvangsflytta - til Fusa!

Det er ordførar Terje Søvkines som har skore gjennom og bestemt at svanene skal flyttast.

- Det går mot sommar, og stor aktivitet både på sjøen, elva og i hamna. Tidlegare har vi hatt mange episodar der svanefar har jaga båtar og menneske, og at menneske har terga og plaga både svanefar og familien. Dette er blitt ei belastning for kommunen, og vi ønskjer ikkje dessutan ikkje å bli stempla som "svane-kommunen".

Artikkelen held fram under annonsen.

- Velkomen til Fusa!

Det har ikkje vore lett for ordføraren å ta avgjerda, men han ser ingen annen utveg.

- Rett nok er eg hummarfiskar, og glad i sjømat. Men det gjer meg ikkje mindre glad i dyra. Svanene er flott å sjå på, men vi kan ikkje leva med alt bråket kring Havnesjefen lengre.

Dette er nok eit nyhende som er tung å svelga for mange osingar. Heldigvis sit det ein ordførar på andre sida av fjorden som ønskjer svanene velkomen.

- Eg trur Havnesjefen vil vera positiv for Fusa, og at han kan vera med å syta for tilflytting, noko kommunen sårt treng. Vi ønskjer svanefar med familie, og alle svane-fans velkomne til Fusa, seier ordførar Atle Kvåle.

300 kvadratmeters bur

Eit lite aber er at svanene må plasserast i bur.

- Vi kan ikkje risikera slike katastrofale episodar som har oppstått i hamna i Os dei siste åra. Det hadde utløyst baluba i Fusa. Vi kjem til å laga eit stort basseng som strekk seg over 300 kvadratmeter ute ved Vinnesholmen. Kring bassenget vil det vera glasveggar, og eit tak som kan opnast og lukkast, seier Kvåle.

Delar på "mat-rekninga"

I og med at svanene blir plassert i bur, må nokon stå for fôring av dyra.

- Vi skal sjølvsagt spytta inn nokre kroner i eit matbudsjett til svanene. Ja-kommuen Os seier aldri nei, og vi har eit ansvar for å følgja opp svanene som fusingane no skal få gleda av å stifta nærare kjennskap til.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er heilt avgjerande at Os kommune bidreg med fôr til svanene. Vi har ikkje så mykje å rutta med i Fusa som i Os kommune. Glasburet vert sponsa av svanemotstandarar i Os, seier Kvåle, som i løpet av månaden skal få flytta familien.

- "Terjen" stiller med båt. Han er ein erfaren sjømann, så eg reknar med at vi skal fiksa flytteprosessen. Elles har vi mange medhjelparar som kan ta i eit tak, seier Kvåle.