Mange: I fjor var meir enn 900 1. til 7. klassingar i Bjørnafjorden med på Sommarles. I år er målet å få med minst 1.000 unge lesarar frå kommunen.

Tysdag går startskotet for årets Sommarles: Vil ha med minst 1.000 unge lesarar

Målet med kampanjen er å skapa leseglede og leseferdigheiter.

Sommarles 2021 er ein landsomfattande, gratis lesekampanje i regi av folkebiblioteka. I fjor var meir enn 900 1. til 7. klassingar i Bjørnafjorden med på Sommarles. I år er målet å få med minst 1.000 unge lesarar frå kommunen.

– Mange har gledd seg lenge! Biblioteka på Os og i Eikelandsosen har fått spørsmål i fleire veker om det snart går an å registrera seg og begynna å samla poeng, skriv kommunen i ein epost.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt borna les frå 1. juni til 31. august, kan dei registrera på nettsida sommarles.no. Dei kan lesa sjølv, bli lest for eller høyra lydbøker gjennom heile sommaren. Når dei registrerer bøkene på sommarles.no, samlar dei poeng, får digitale trofé, og kan henta små premiar og nye lesetips på biblioteket.