Det er flott vêr måndag føremiddag, men tysdag blir det verre.
Det er flott vêr måndag føremiddag, men tysdag blir det verre.

Tysdag: Vindkast opp mot 30 meter per sekund

Flott formiddagsvêr måndag, glir over i det som kan bli skummelt vêr tysdag.

– I dag er det ganske fint vêr. Det kan koma nokre lette snø eller sluddbyer i løpet av ettermiddagen, men elles ganske greitt. I morgon kjem det eit kraftig lågtrykk, seier vakthavande meteorolog, Mette Sundvor Skjerdal.

Det kjem til å auka på med vind langs kysten og i fjellet tidleg på dagen i morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er sendt ut varsel om kraftig vind. Det kan bli sterk kuling til liten storm, med vindkast på 27–30 meter per sekund. Vinden kjem frå søraust. Dei som er spesielt utsett for vind frå denne retninga bør sikra alle lause gjenstandar.

Svært vanskelege køyreforhold

Vidare fortel meteorologen at det ikkje er å anbefala å reisa over fjellet i morgon.

– Det kjem til å bli svært vanskelege køyreforhold. Det blir snø og sterk vind, så eg vil rå ifrå å køyra i fjellet. Det vil koma nedbør også i morgon. Nokre stader som regn og nokre stader som sludd, og så skal ein ikkje kjempehøgt opp før ein får snø, som i Øvre Hålandsdalen til dømes. Det er morgondagen som skil seg ut denne veka. Elles er det mykje det same, seier Sundvor Skjerdal.

Regn fredag og inn i helga

Onsdag ser ikkje ut til å bli så verst. Meteorologen fortel at Me kan kunna få litt sol, men at det framleis vil vera kaldt.

– Det vil nok ikkje bli over fem plussgrader ut i veka, og det blir minusgrader om kvelden og natta og på morgonen, ser det ut til. Fredag er prognosen meir usikker, men det ser ut til å koma eit nytt lågtrykk og litt nedbør fredag og inn i helga.