(
(

Ukjent årsak til forlis

Brannvesenet og ein privat kranbåt forhindra større miljøskade, men dei står førebels utan svar på kva som førte til havariet.

Både politi og brannvesen rykte ut til Drangsvågen sundag rundt kl 13 etter at båteigar hadde meldt frå om ulukka.

- Han fortalte at ei 30 fot snekke var gått ned. Båten låg like ved ei flytebrygge. Dei hadde kappa fortøyingane, for dei var redde for at brygga skulle gå ned med båten, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uroa for ureining

Båten inneheldt fulle tankar med diesel, og brannvesenet var redde for at det skulle leka ut i sjøen.

- Me var mest urolege for akutt ureining. Me såg at ein del diesel låg og flaut oppunder isflaket. Det var ganske greitt å sjå kvar det hadde teke vegen. Me la ut lenser for å ringa inn sølet, fortel Monsen.

Båteigaren rekvirerte ein kranbåten Molly frå Samba AS. Dei stod for sjølve hevinga, og brannvesenet tok til å pumpa båten tom for vatn medan han framleis hang i stroppane.

- Båten vart teken med til Amundsneset for vidare behandling. Dei vonar at båten kan brukast att.

Politiet etterforskar

- Har de fått noko forklaring på kvifor båten kan ha gått ned?

- Eigaren meinte at det kunne handla om frostskade og ein open botnventil. Det er politiet som etterforskar den biten, seier Monsen.

Måndag morgon henta brannvesenet inn dei tre lensene dei hadde lagt ut ved Drange.

- Me såg at dei hadde absorbert veldig bra. Dei vart trekt på land, og dieselen vert levert til spesialmottak for slikt avfall, seier han.