- Me var samde om eit løp som alle skulle følgja. Stemninga i forhandlingsutvalet har vore god. Intensjonsavtalen me kom fram til var etter mitt syn god, seier Kleppe og legg til at "Os kan ikkje klandrast for dette".

- Uklokt utspel

Ordførar i Tysnes, Kåre Martin Kleppe, er svært overraska over utspelet til Fusa-ordførar Atle Kvåle. - Uklokt, seier Kleppe, som sjølv er innstilt på å følgja løpet ein er blitt samde om.

Fusa Ap sikra seg i går kveld fleirtal for å avvisa intensjonsavtalen for samanslåing med Os og Tysnes. - Me let oss ikkje tvinga av Oslo-makta, sa Atle Kvåle til Os og Fusaposten seint i går kveld.

- Me har landa på at dette ikkje er god Ap-politikk. Me vil ha levande bygdesamfunn, og det får ein ikkje ved å laga stadig større einingar. Me vil difor seia nei til intensjonsavtalen alt på fredag, når styringsgruppa for kommunereform har sitt møte, sa  Kvåle og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me stoppar opp alt. Det blir ikkje noko ekstraordinært kommunestyremøte 18. mai om kommunereform i Fusa. Det vert inga meiningsmåling heller. Eg reknar med å få både ris og ros for dette, og det er eg klar for å ta.

Tysnes-ordføraren er mildt sagt overraska.

- Me var samde om eit løp som alle skulle følgja. Stemninga i forhandlingsutvalet har vore god. Intensjonsavtalen me kom fram til var etter mitt syn god, seier Kleppe og legg til at "Os kan ikkje klandrast for dette".

- Dei var har vore rause i forhandlingane, etter mitt syn.

Visst det heile veka

Når det gjeld inntektssvikten som Kvåle nytta som argument, påpeikar Kleppe at dette er noko ordføraren i Fusa har visst om heile veka. Det gjer timinga for utseplet endå meir overraskande, kommenterer ordføraren i Tysnes.

Han er uansett bestemt på at Tysnes skal følgja det løpet som er lagt opp med kommunestyre 18. mai.

- Der skal me bestemma om Tysnes skal gå vidare i prosessen, og vidare delta i ei opinionsundersøking.

Kleppe understrekar at han no treng å sjekka stemninga i kommunestyret, og at han så langt ikkje har fått drøfta utspelet til Kvåle med dei andre politikarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er framleis positiv til prosessen. For min del ynskjer eg å gå vidare som planlagt, men eg må ta dette med dei andre politikarane. Så langt har eg hatt lite tid til det.

Kleppe legg samstundes ikkje skjul på at det no truleg vert mindre aktuelt for tysnesingane med ei samanslåing med Os.