Sabritha Stokke, Tove Tvedt Skarstein og Ingunn Kjosaas.
Sabritha Stokke, Tove Tvedt Skarstein og Ingunn Kjosaas.

Ullkleda har nådd Libanon

28.650 kroner, og eit lass med koffertar fulle av ullklede, er resultatet av Tove Tvedt Skarstein og Ingunn Kjosaas´ innsamlingsaksjon til inntekt for born i flyktingleir i Libanon.

Innsamlingsaksjonen starta for litt over ei veke sidan. Det gjekk berre nokre dagar før dei hadde fått innover 21.000 kroner og ein del ullklede til flyktningleiren. No er innsamlingsaksjonen avslutta, og totalt fekk dei inn 28.650 kroner.

- Eg ser at Røde Kors har hatt innsamling i Os også, og dei fekk inn 18.000 kroner. Eg er stolt av det me har fått til. Det er kjekt å sjå så stor gjevarglede, seier Tvedt Skarstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bidrag frå Flettemamma

I går reiste Ingunn Kjosaas til Libanon, og med seg på lasset hadde ho og reisefølgje om lag ti koffertar fullstappa med klede. I Facebook-gruppa «Innsamling til flyktningebarn i Libanon» skreiv Kjosaas tidlegare i dag at dei hadde komen fram, og at turen gjennom tollen gjekk fint.

Delar av ullkleda er det Bente-Helen Schei, også kjend som Flettemamma, som har samla inn.

- Ho kom til Os i helga med ein bil full av sorterte ullklede i alle størrelsar, seier Tvedt Skarstein.

Om lag ti koffertar fullstappa med ullklede blei med på turen til Libanon. På Facebook meldte Ingunn Kjosaas at turen gjennom tollen gjekk fint, og at ho var komen fram til destinasjonen.
Om lag ti koffertar fullstappa med ullklede blei med på turen til Libanon. På Facebook meldte Ingunn Kjosaas at turen gjennom tollen gjekk fint, og at ho var komen fram til destinasjonen.

Pengane som ikkje vart brukt på ullklede, vert brukt til å betala frakt, og ikkje minst til å handla naudsynte varer til flyktningane.

Os Fotball samla inn over 12.000 kroner

Det er fleire i Os som også ønskjer å vera med å bidra. Os Fotball hadde fri entré på kampen mot Vardeneset i helga, ogsamla heller inn pengar til Syria-flyktningane, saman med elevar frå Kuventræ skule.

- Os Fotball er stornøgd med det elevane frå Kuventræ presterte i helga. Dei var engasjerte, hyggelege og gjekk til oppdraget med stor iver. Totalt samla dei inn 12.400 kroner, seier Egil Hodneland i Os Fotball.

Røde Kors´ innsamlingsaksjon

Som Tvedt Skarstein nemnde, har Røde Kors også hatt innsamlingsaksjon. Dei har stått ved butikkar i Os og fått inn 18.500 kroner, og elever frå Lysekloster skule gjekk rundt med bøsser under kampen mellom Lysekloster og Lyngbø på laurdag. Dei samla inn 1.500 kroner.

- I tillegg kjem alle bidraga i form av SMS-overføringer eller kontooverføringer. Pengane går direkte til Noregs Røde Kors, og inngår som ein del av dei 25 millionane som hittil er samla inn i Noreg, seier Nina Solvår Sælen, leiar i Os Røde Kors.