Ulukke i Mobergsbakken

Ein bil kolliderte i eit busskur i Mobergsbakken i ettermiddag.

Ein bil hamna i busskuret på veg ned Mobergsbakken. Føraren, ei ung jente, skal ha freista å svinga unna bilen framføre som skal ha stogga for ein fotgjengar.

Skadestadsleiar Sindre Hallem fortel at dei må vurdera å oppretta sak, men at det ikkje er mistanke om promille. Trafikken har løyst seg opp greit forbi ulukkesstaden, og dei involverte skal ikkje vera fysisk skadde, om enn noko prega av hendinga.