Ein bil hamna ut i vegen på E39 måndag føremiddag.
Ein bil hamna ut i vegen på E39 måndag føremiddag.

Ulukke på Moberg - bil hamna på tvers på Halhjemsvegen

Det har vore ei ulukke på Moberg måndag ettermiddag.

Ein bil som kom frå Kiwi på Moberg og over brua som kryssar E39, skulle ta seg ut på motorvegen mot Halhjem, men skal ha køyrd rett fram før flette-feltet.

Operasjonsleiar ved Vest politidistrikt opplyser at det ein person var involvert i ulukka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bilføraren var ei kvinne i 70-åra. Ho skal ha kome uskadd frå ulukka, som skjedde i nærleiken av brannstasjonen på Moberg. Bilbergar er på staden. Det er ikkje trafikale problem, og det er ikkje mistanke om rus.