Politiet antar at det er den sakna mannen dei no har funne død.
Politiet antar at det er den sakna mannen dei no har funne død.

Ung mopedførar skadd i rundkøyring

Ein 16 år gamal gut sklei og vart skadd då han fall med mopen sin i rundkøyringa i Os sentrum laurdag kveld

Ifølgje operasjonsleiar ved politidistrikt Vest, Frode Kolltveit var det ingen andre bilar innvolvert i ullukka. 16-åringen sklei i rundkøyringa og vart liggjande.

Ein stund etter var det trafikkstans i området.

Artikkelen held fram under annonsen.

Guten klaga etter fallet på smerter i kne og alboge.

Guten vart sendt til sjekk hos legevakta. Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Også tidlegare på kvelden var det ein ung mopedist som hamna i bakken. Episoden fann stad på Søfteland. Guten i 18-åra sklei, på det politiet omtalar som glatt underlag, og skadde seg. Han er sendt til Haukeland Universitetssjukehus.

Heller ikkje her er det mistanke om promille.