Venta på kaia: Den unge sjåføren møtte politiet då han køyrde i land på Halhjem.

Ung sjåfør vart teken imot av politiet på Halhjem ferjekai

20-åringen fekk tilsnakk for stygge forbikøyringar og høg fart.

Politiet vart torsdag kring kl 15 kontakta av ein person på ferjekaien på Sandvikvåg.

Meldaren var uroa etter å ha blitt forbikøyrt på ein stygg måte av ein bil i høg fart på strekninga Jektevik-Sandvikvåg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Venta på kaia

Politiet stilte seg dermed opp på Halhjem ferjekai for å ta imot den uvørne sjåføren.

Der fekk sjåføren, som var ein ung mann på 20 år, klar beskjed om kva politiet meinte om køyringa hans.

— Han vart ikkje ilagd nokon reaksjon, for vi hadde ikkje noko måling i saka. Men han fekk seg ein skikkeleg strekk, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Mannen blåste grønt og vart beden om å køyra fint vidare.