Politi: Det var blålys og sirener ved politistasjonen på Moberg måndag kveld.

Ungdom halden igjen mot sin vilje: Rykte ut med tre politibilar

Tre politibilar rykte måndag kveld ut for å hjelpa ein ungdom som vart halden igjen i ei leilegheit mot sin vilje.

Klokka 18.43 fekk politiet melding om at ein ungdom vart holdt igjen mot sin vilje, i ei leilegheit nord for sentrum.

I fylgje eit vitne køyrde tre politibilar, derav ein sivil, frå politistasjonen på Moberg med blålys og sirener.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fire personar vart gripne. Samtlege var såkalla kjenninger av politiet.

— Av omsyn til etterforskinga kan vi dessverre ikkje seia noko meir på noverande tidspunkt, seier politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.