Siste døgnet: Politiet har registrert ei rekkje hendingar i loggen frå det siste døgnet.

Ungdomar skal ha kasta stein på bil

Hendinga kan bli meld.

Rett over klokka 04.00 natt til søndag, skal ein førar av eit køyretøy ha fått sprekker i frontruta si.

— Truleg fordi nokre ungdomar kasta stein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det melder politioverbetjent Atle Birkeland, ved Bjørnafjorden politistasjon.

— Politiet var på staden og fekk kontrollert aktuelle personar. Det er mogleg at hendinga blir meld i ettertid.

På eitt hjul

Kring klokka 01.30 kom politipatruljen over ein MC som køyrde på bakhjulet ved Ulven. Politiet opplyser å ha oppretta sak og førarkortet er beslaglagt. Føraren er under 20 år, skriv politiet i ein e-post.

Like før midnatt reiste politiet til ei adresse i Os sentrum. Årsaka skal ha vore høg musikk og støy frå staden. Festen blei avslutta av politiet.

Slo hovudet

Like før midnatt skal ein person ha blitt dytta i Os sentrum slik at vedkomande fall og slo hovudet.

— Fornærma fekk tilsyn på legevakta. Dette dreier seg truleg meir om rus enn om ein valdsepisode, opplyser Birkeland.