Frå venstre - Mira Hannisdal Nilsen, Vegar Fosså, Evgenia Taranova, Tommy Vold Gjeldsvik, Ida Anette Isdahl og Martine Særvold Pedersen i interimsstyret for Bjørnafjorden ungdomsråd har seks punkt dei meiner er viktige for ungdom i Bjørnafjorden. No har dei fått svar frå politikarane.
Frå venstre - Mira Hannisdal Nilsen, Vegar Fosså, Evgenia Taranova, Tommy Vold Gjeldsvik, Ida Anette Isdahl og Martine Særvold Pedersen i interimsstyret for Bjørnafjorden ungdomsråd har seks punkt dei meiner er viktige for ungdom i Bjørnafjorden. No har dei fått svar frå politikarane.

Ungdomsrådet utfordrar politikarane: – Dette er viktig for oss

Bjørnafjorden ungdomsråd har utfordra politikarane på seks punkt. Os & Fusaposten sende punkta til partitoppane. Her er svara.

Resten av svara kan du lesa i neste utgåve av avisa.

1. Ungdomsrådet meiner at eit variert og godt kultur- og fritidstilbod er naudsynt for eit godt kvardagsliv. Dei treng møteplassar som bind kommunen og ungdommane saman. Korleis kan du som politikar og ditt parti sikra eit breitt og godt tilbod til ungdom?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Frp ønskjer at ungdomsrådet sjølv skal få ein budsjettpost som dei kan disponera til eigne tiltak eller som tilskot til arrangement for ungdom. I tillegg opnar Os Aktiv med eigen klubb for ungdom (Ung arena) på Osøyro til nyttår. Elles er både Oseana og idrettsanlegga på begge sider av fjorden gode møteplassar for ungdommen, svarer Terje Søviknes for Bjørnafjorden Frp.

– KrF vil støtta og oppmuntra frivillige lag og organisasjonar til å laga møtepunkt og prøva å halda fram det arbeidet me har i Os og i Fusa i dag, svarar Bjarne Samnøy for Bjørnafjorden KrF.

– Senterpartiet har programfesta å oppretta gode møtestadar for ungdom. Me meiner det er viktig med trygge stader som tilbyr varierte aktivitetar. Til dømes har ein i den nye fleirbrukshallen i Eikelandsosen lagt til rette for dataspel/e-sport. Men ikkje alle likar idrett eller organiserte aktivitetar. Dei vil heller ha ein plass «å henga». For å skjøna kva som er ein god møtestad, er det viktig å lytta til ungdomen sjølv. I Os har ein fått ein dyktig SLT-koordinator. Ho har kartlagt behovet for møtestadar til ungdom. Konkrete eksempel er Ung Arena. Ung Arena er utvikla i samarbeid med ungdom. Her kan unge mellom 12 og 25 år henga, og ved behov slå av ein prat med fagpersonar eller frivillige, seier Peter-Hans de Zwarte for Bjørnafjorden Senterparti.

– Me i Høgre synest det er supert at ungdommen engasjerer seg, og ser fram til å samarbeida med eit ungdomsråd. Me ønskjer å få til eit fast møtepunkt med ungdomsrådet med ein agenda, slik at dei kan styra og ha dialog med dei ulike idrettslaga og organisasjonane, så skal kommunen fasilitera og leggja til rette når rådet ber om hjelp. Eg trur idrett er vegen å gå for å binda saman på tvers av kommunen, og bruka den nye fleirbrukshallen i Eikelandsosen, idrettshallen her i Os og Oseana som samlingspunkt for dei unge, seier Marie Bruraøy for Bjørnafjorden Høgre.

– Dei Grøne meiner det er viktig å få på plass eit ungdommens hus i kommunen der ungdom på eigne premissar kan samlast og ha påverknad på innhald i tilbodet, anten det er musikk, dataspel, kafé, lekser eller anna. Det er viktig å sikra høg kvalitet på lokala og at ungdomen har eit eigarskap til lokalet, at dei ikkje berre er gjestar hjå kommunen. Ut over dette meiner me det er viktig å sikra nye og annleis fritidstilbod enn det me har i dag. Til dømes ønskjer me å få til eit makerspace som kan nyttast av forskjellige brukargrupper som ungdom, kulturskulen og gründerparken, seier Nils-Anders Nøttseter for Miljøpartiet de Grønne.

– Bjørnafjorden Arbeidarparti vil realisera kultursal knytt til den nye ungdomsskulen i Eikelandsosen og Søftelandsparken med idrettsanlegg. Me vil flytta biblioteket til Os sentrum, og fylla Fjellheim med aktivitet og glede. Me vil oppretta eit vedlikehaldsfond for ungdomshus, der ungdomslaga kan få støtte, og ein utlånssentral for gratis leige av sport- og fritidsutstyr. Me støttar det aktive frivilligarbeidet i heile kommunen, dei gjer ein fantastisk jobb. Me vil satsa på ein motocrossbane på Fusasida i kommunen og me ønskjer å gje unge musikarar høve til gratis øvingslokale. Me i Bjørnafjorden Arbeidarparti vil oppretta ungdommens kommunestyre som blir drifta av ungdommen sjølv, i tillegg til eit ungdomsfond på 1 million, der lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan søkja fondet om midlar til aktivitetar som kjem barn og unge til gode, svarar Gisle Hesjedal for Arbeidarpartiet.

— Venstre har i alle år jobba for eit godt kulturtilbud til barn og ungdom. Det er ein del av vår politikk. Det vil vi halda fram med som det står i vårt valprogram. Kultur er ei fanesak for oss, svarar Astrid Dale for Bjørnafjorden Venstre.

2. For å leva aktive liv i den nye kommunen er det naudsynt med betre offentleg kommunikasjon. Ungdomsrådet meiner det er behov for fleire bussavganger mellom Os og Eikelandsosen som knutepunkt, og styrkja busstilbodet ut i distrikta. Kva kan du som politikar og ditt parti gjera for å betre busstilbodet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Frp vil påverka Vestland fylkeskommune til å setja opp fleire bussavgangar mellom Eikelandsosen og Osøyro, svarer Søviknes.

– Dette har KrF i programmet vårt. Det er viktig å koma i dialog med Skyss saman med ungdomsrådet og ha kollektivtilbodet som fast sak i kommunen kvart år. Dette er svært viktig og det må satsast mykje på det, svarar Samnøy.

– Senterpartiet ønskjer å testa ut eit konsept som heiter «Bus on Demand» ute i krinsane. I staden for å køyra statiske bussruter nesten utan passasjerar, vil det vera meir økonomisk å tilby eit meir individualisert transporttilbod. Dette har dei prøvd ut i Sauda, der ein kan bestilla buss heim til «døra» via app. Når du bestiller buss, får du melding om avtalt tid for avgang. Tida varierer innforbi eit slingringsmonn, justert etter kor mange andre som også bestiller buss innan eit definert tidsrom. Tanken er at flest mogeleg blir tekne med på same buss. Så blir du frakta dit du bad om i bestillinga, sjølvsagt innanfor visse grenser og i korrespondanse med ordinere ruter. Og dette til ordinær busspris. Når det gjeld fleire bussavgangar mellom Os og Eikelandsosen, tenkjer Senterpartiet det ville vore mykje kjappare med ein batteridriven hurtigbåt som reiser mellom bygdene, svarar Peter-Hans de Zwarte.

H: – Bussavgangar vert styrt på fylkesnivå, men Høgre vil halda kontakt med våre politikarar i Fylkeskommunen og sjå på mogelegheitene for ekstra buss- og ferjeavgangar, slik at ikkje nokon vert hindra i å reisa på arrangement fordi det ikkje er mogeleg å reisa kollektivt, seier Bruraøy.

Mdg: – Heile kommunen skal ha eit godt kollektivtilbod både på hovudfartsårene og i dei mange krinsane. MDG ønskjer å prøva ut ei ordning med on-demandbussar i krinsane framfor å køyra nokre få store og nesten tomme bussar i faste linjer. Ein godt utbygd kollektivtransport er vesentleg for å binda dei mange delane av kommunen saman, spesielt for dei utan førarkort. Til det treng me fleire ferjer, fleire bussar og hyppigare avgangar. Dei Grøne meiner også det må etablerast trygg og varm sykkelparkering, og vil arbeida for at all kollektivtransport i kommunen vert utført med nullutsleppskøyretøy og -fartøy innan 2025, svarer Nøttseter.

– Ap vil arbeida for betre kollektivtilbod både til/frå Bergen og internt i kommunen. På fylkesnivå har Arbeidarpartiet sikra mange hundre nye bussavgangar. Dette vil me halda fram med, og jobba for at dei også vil gå ut til distrikta. Ungdomskortet si øvre aldersgrense er auka til 23 år den siste perioden. Me ønskjer at talet på ferjeavgangar minimum bør vera som i dag, og seier ja til bestillingstransport der det er låg etterspurnad etter skyss. Det vil seia at du kan bestilla transport (buss/minibuss) når du treng det og så kjem bussen og hentar deg, svarer Hesjedal.

Venstre: — Når no Bjørnafjorden kommune blir ein realitet, så har Venstre jobba for mykje betre offentleg transport mellom Os og Fusa, det vil jo alle ha. Ein skyttelbuss som går til distrikta har også vore oppe som sak i Os kommunestyret frå Venstre. Det ville hjelpt mykje å få ned biltrafikken frå distrikta inn til sentrum. Det er ei sak som det vil bli jobba med i kommunen, også i administrasjonen, så vidt eg har forstått, svarer Dale.

3. For å sikra framtida til ungdommen er det naudsynt å ha ei berekraftig utvikling. Ungdomsrådet ønskjer ein nytenkjande kommune som set miljø og klima på dagsorden. Har du ein kommentar til dette?

Artikkelen held fram under annonsen.

Frp: – Kommunen skal ta ei aktiv rolle for å redusera klimagassutslepp og arbeida med andre miljøspørsmål, t.d. kampen mot plast i havet.

KrF: – Ein av grunnverdiane til KrF er det me kallar «forvaltaransvaret». Me menneske har fått eit ansvar for å forvalta den jorda me bur på best mogeleg. Difor er det å ta vare på naturen og miljøet på ein god måte et viktig tema for KrF.

Sp: - Sjølvsagt har me ein kommentar til dette, me brenn for ein framtidsretta, klimanøytral kommune. Senterpartiet har programfesta fossilfri bilpark og karbon-nøytral drift av kommunen. Omfattande og tidkrevjande mål å nå. Me har alt å vinna på å prøva. Alt å tapa om me ikkje prøver. Me skuldar våre framtidige generasjonar å vaksa opp på ein frisk og fungerande jordklode! Løysingar må me arbeida for å finna fram til i fellesskap.

H: - Me har registrert eit aukande engasjement i natur og klima, og det er fantastisk at folk bryr seg! Me i Høgre har ambisiøse mål i klimaplanen vår. Os kommune er medlem i Klimapartner-nettverket og følgjer måla deira. Eg trur det er viktig å få gode haldningar allereie frå ein er liten, og ungdom kan hjelpa til å læra opp dei vaksne heime. Små ting som kjeldesortering og sikra at me kastar mindre mat i heimane er ei byrjing. Kommunen kan arbeida med å byta ut endå fleire av bilane til elbilar, og me er i gang med digitalisering innanfor kommunen for å spara miljøet for alt papiret me brukar. Me vurderrer også, dersom me får halda fram, å oppretta ei eiga stilling innanfor kommunen. Ein miljøfremjar vil kunna fungera som miljøpoliti for oss i kommunen, og sjå på vidare tiltak ein kan gjera på utsida for å redusera klimautsleppa endå meir.

MDG: - Her er Miljøpartiet Dei Grøne og ungdomsrådet på linje. Det er framtida me jobbar for, og me veit at miljø og klima er massive, globale utfordringar. Dei Grøne har i årevis pressa på for ei moderne klimaplan som skal liggja som grunnlagsdokument for vidare utvikling av kommunen. Me fekk også fleirtal for at ein skal sjå på å innføre eige klimabudsjett slik at ein tar klimasaka like alvorleg som ein tar kommuneøkonomien. Det kan vera vanskeleg å sjå korleis ein skal jobbe med dette globale problemet lokalt, men alle innbyggjarane i Noreg bur i ein kommune, og alle våre utslepp skjer i ein kommune, så det er svært viktig at lokaldemokratiet tar denne utfordringa seriøst. Me har det travelt.

Ap: - Me har programfesta at klima- og miljøarbeidet skal gå igjen i all kommunal planlegging i den nye kommunen. Bjørnafjorden Arbeidarparti har store ambisjonar på klima, blant anna at kommunen skal bli plastfri, at det skal innførast pant på plast, og me vil innføra ein kommunal strandryddedag Klima- og miljøplanen skal brukast aktivt for å redusera kommunen sitt klimaavtrykk der me blant anna vil innføra kjeldesortering i alle kommunale bygg, også på rådhuset. Me vil leggja til rette for grøn industri, og grøne arbeidsplassar.

V: — Når det gjeld klima og miljø, så er det ei av våre hovudsaker – alltid! Vår politikk er tufta på å ta vare på miljøet. I alle saker vi stemmer på og diskuterer og tar opp, er klima ei hovudsak som det alltid blir tatt hensyn til. Derfor er vi opptatt av betre kollektive løysingar både i byane og i distrikta. Jernbane er ei hjartesak for oss. Vi er også opptatt av å ha elektriske ferjesamband på fjordane og husk at fjord og sjø er vedlikehaldsfrie trafikkårer. Derfor er vi for ei båtrute mellom Os og Eikelandsosen – spesielt fordi mange elevar frå Os går på vidaregåande skule der og fusingar går i Os.

karfors88@gmail.com