Pen køyring: - Mykje pen køyring, oppsummerer politiet etter kontrollane onsdag.

UP hadde tre kontrollar i Os onsdag

Hadde med seg Os-patruljen på to av desse.

Onsdag mellom kl 16 og 19 gjennomførte UP ein trafikk-kontroll ved Røykenes på Byvegen. To førarar fekk forenkla førelegg. Høgaste fart målt var 71 km/t.

Mellom kl 20.30 og 22.30 hadde UP og Os-patruljen laserkontroll i Endelausmarka i retning Halhjem. Her var det ingen reaksjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Pen køyring, oppsummerer politiet.

Seinare same kveld vart det gjennomførd promillekontroll på Halhjemsvegen. Her var det heller ingen reaksjonar.