Marianne Vindenes og Stina Kvåle Bergesen var to av dei som stilte på utdanningsmessa i 2015. (Arkiv
Marianne Vindenes og Stina Kvåle Bergesen var to av dei som stilte på utdanningsmessa i 2015. (Arkiv

Utdanningsmesse i Fusa i januar

Torsdag 26. januar blir Fusamesso arrangert på Fusa vidaregåande skule. Os gymnas og Os VGS vert også inviterte med.

Fusa vidaregåande skule har sendt ut invitasjon til påmelding for utdanningsmessa som skal arrangerast i slutten av månaden.

- Alle interesserte unge og vaksne er velkomne til å koma innom skulen vår denne ettermiddagen, heiter det frå Mette Holmefjord Olsen og Camilla Rabe Nesheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir då høve til å møta lokalt og regionalt næringsliv, men også dei samarbeidande skulande i Os vert inviterte til å vera til stades.

Utdanningstilbod saman med relevante yrke

Opplegget med samlokalisering av utdanningstilbod saman med relevante næringar, som også blei nytta då Fusamesso vart arrangert sist gong (i 2015), vil bli følgt også no. I 2015 var til dømes TAF mekanisk og TIP plassert saman med verksemder som Frank Mohn Fusa AS og Ølve industrier AS i Nybygget/Verkstaden, medan verksemder som Solstrand og Skjelbreid Poiree var plasserte i kantina saman med Restaurant og matfag/Kokk og Servitør-linjene.