Utforkøyring på Nordstrøno

Tysdag ettermiddag køyrde ein billist utfor Lønnevågsvegen på Nordstrøno.

- Bilen har trilla ned ein bakke og stoppa over ein liten bekk. Så langt me kan sjå har airbagen løyst seg ut, og sjåføren, som sjølv gjekk frå bilen og opp til vegen, er teken hand om av ambulansen som er på staden, melder vakthavande ved Os brann og redningsvesen, Terje Håvardstun.

Han kjenner ikkje til årsaka til utforkøyringa, tilstanden til sjåføren eller skadeomfanget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesen har vore på staden og gjort bilen straumlaus, og Viking redningsbil er på veg.