Onsdag: Køyretøyet vart kontrollert på Byvegen onsdag morgon. (Arkiv)

Utilstrekkeleg sikt kosta mannen 2.750 kroner

Ein bilførar må ut med 2.750 kroner etter at sikta ut av bilen var for dårleg.

Køyretøyet vart kontrollert på Byvegen onsdag morgon.

- Køyretøyet hadde ikkje tilstrekkelig sikt framover eller til sidene. Føraren, ein mann i 40-åra, vedtok forenkla førelegg på kr 2.750, opplyser politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen fekk køyra vidare etter å ha sørgd for tilstrekkeleg sikt.

I 14-tida onsdag kontrollerte politiet et køyretøy aust for Os sentrum utan skilt bak. Føraren i tenåra blei ilagt eit forenkla førelegg på kr 2750.

– Det blei gitt munnleg pålegg om utbetring av skilt. Førar vedtok førelegget, opplyser politiet.